Hopp til innhold

Norsk kulturråd 2010

Norsk kulturråd 2010

Forfattar Olaug Nilssen og museumsdirektør Gro Persson er nye medlemmer i Norsk Kulturråd. I statsråd 18. desember 2009 vart det oppnemnd fem medlemmer og to varamedlemmer til Kulturrådet i perioden 2010-2013.(08.01.10)

Regjeringa oppnemner Kulturrådets medlemmer og etter dei nye reglane om oppnemning og samansetting av rådet frå 2009, skal oppnemningane vere rullerande slik at halvparten av medlemmene og varamedlemmene vert oppnemnde kvart anna år.

18. desember 2009 vart Ingrid Lorentzen, Solveig Øvstebø, Erik Fosnes Hansen, Olaug Nilssen og Gro Persson oppnemnde av regjeringa i statsråd, for perioden 1. januar 2010 til 31.12 2013.

Nilssen og Persson er nye i rådet, og erstattar Ivar Roger Hansen og Ottar Grepstad som sat i Kulturrådet i perioden 2005 - 2009.

 

Kulturministeren ønskjer råd

Då kulturminister Anniken Huitfeldt besøkte Kulturrådet i desember 2009, sa ho at ho ønskjer å gje Kulturrådet ei sterkare rolle og meir sjølvstende og at ho ønskjer fleire kunstfaglege råd. Ho foreslo blant anna å setje ned ei gruppe som skal sjå på dette samarbeidet og på kva Kulturrådet og kva departementet skal ha ansvar for.

– Eg ønskjer meg overordna diskusjonar om kunst og kulturpolitikk. Og eg ønskjer at Kulturrådet skal komme sterkare inn og komme med råd også om delar av Kulturdepartementets budsjett, uttalte Huitfeldt.

Bildet viser Kulturminister Anniken Huitfeldt og statssekretær Lubna Jaffery Fjell

 

Kulturrådet vil ha sitt fyrste møte i 2010 den 28. januar og vil i løpet av våren også sette i gong arbeidet med ny strategiplan for perioden fram til 2013. Fyrste sakshandsamande møte vert heldt 16. og 17. mars. Sjå rådets møtekalender for 2010. Det vil også vere utvalsmøter for dei ulike fagutvala i januar og februar. Kulturrådets kalender 2010.



Samansettinga av Kulturrådet etter oppnemning ved kgl. res. 18.12.09 er:

For perioden 1. juli 2009 til 31. desember 2011:

Regissør Bentein Baardson, Oslo, leiar
Skodespelar Asta Busingye Lydersen, Oslo, nestleiar
Tekstilkunstnar Aslaug Juliussen, Tromsø
Dagleg leiar Vegard Snøfugl, Trondheim
Musikar Arnfinn Bjerkestrand, Oslo

For perioden 1. januar 2010 til 31. desember 2013:

Ballettdansar Ingrid Lorentzen, Oslo
Direktør Solveig Øvstebø, Bergen
Forfattar Erik Fosnes Hansen, Oslo
Forfattar Olaug Nilssen, Bergen
Museumsdirektør Gro Persson, Sandnes

Varamedlemmer:

1. Dagleg leiar Frøydis Moberg, Bergen, 01.07.2009 – 31.12.2011
2. Dansekunstnar Corinne Lyche Campos, Oslo, 01.01.2010 - 31.12.2013
3. Dagleg leiar Eivind Falk, Lillehammer, 01.07.2009 – 31.12.2011
4. Direktør Harald Solberg, Arendal, 01.01.2010 – 31.12.2013

 

Les mer om kulturrådets medlemmer.

 

Bilder: Kulturrådets møte den 10. desember 2009. Anniken Huitfeldt og Statssekretær Lubna Jaffery Fjell er i møte med Kulturrådet.

Foto: Mari Johansen

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 08.01.2010
Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer