Hopp til innhold

Prosjektstøtte

Kulturrådet har ein avgrensa sum til ulike formidlingstiltak for barn, ungdom eller vaksne. Her kan enkeltpersonar, organisasjonar og institusjonar søkje i brevform. Det ligg ikkje føre fastlagde skjema som skal brukast.

Søknader kan sendast inn 1. mars, 1. juni, 1. september eller 1. desember, og må vere Norsk kulturråd i hende minst to månader før utgiving eller arrangement.

Handsamingstid er om lag tre månader. Fagleg utval for litteratur har normalt møte fire gonger i året: ultimo februar, medio mai, medio september og medio november.

Kulturrådet kan gi tilskot til desse tiltaka på litteraturområdet:

  • Ulike arrangement og tiltak eller forsøks- og utviklingsprosjekt der siktemålet er å formidle litteratur
  • Utgivingar av faglitteratur for allmennmarknaden om litterære tema (sekundærlitteratur)
  • Seminar eller konferansar omkring litteraturteori, litteraturkritikk eller litterære sjangrar
  • Tiltak eller arrangement der minoritetsspråklege forfattarar tek del
  • Omsetjing av manus skrivne på andre språk enn norsk av minoritetsspråklege forfattarar busette i Noreg (det er forlaga som søkjer)

 

Kulturrådet gir ikkje støtte til utvikling eller utarbeiding av skjønnlitterære manuskript. I særskilde tilfelle kan rådet vurdere å gi tilskot til innsamlings- og katalogiseringsarbeid som seinare skal presenterast i bokform.

I tilegg til søknadssum må søknaden innehalde ein grundig presentasjon av prosjektet eller tiltaket, kven det er mynta på, kven ein eventuelt samarbeider med, og budsjett med finansieringsplan. I budsjettet må marknadsføring og eigeninnsats spesifiserast.

For søknader om tilskot til arrangement i samband med seminar, festivalar, litteraturdagar osb. må søkjar sende inn eit (førebels) program, som eventuelt må stadfestast før løyvinga blir utbetalt, og bakgrunnsinformasjon (kort CV) om deltakarar og innleiarar der søkjar reknar med at det er nødvendig.

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.


Snarveg til tildelingar

 

Sist oppdatert: 31.08.10

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer