Ordninga skal sikre at ein større del av dei norske klassikarane innanfor litteratur er tilgjengelege både for undervisningsføremål og for boklesarar flest.
Kva kan det søkjast støtte til? Støtta blir gitt som tilskot å gi ut klassikarar i papir-, lydbok- eller e-bokformat. For at ei bok skal få støtte, må ho vere minst 25 år gamal. Bøkene skal ha ei innleiing eller eit etterord.
Om søknaden Det er forlaget som gir ut boka som skal søkje om tilskott. Søknaden skal innehalde søknadsskjema, budsjett og prosjektbeskrivelse med presentasjon av verk og forfattar. Her skal det óg opplysast om det edisjonsfilologiske og redaksjonelle arbeid som blir gjort i samband med utgjevinga.