Hopp til innhold

Kjøper inn teikneseriar for vaksne

Bildet vier en tegneserie av Karstein Volle

18 nye teikneseriar fekk produksjonstilskot frå Kulturrådet på rådsmøtet i desember. I tillegg vedtok rådet å kjøpe inn inntil seks teikneseriealbum under innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne for 2009. (08.01.10)

På lista over dei siste tildelingane i 2009 finn vi eit nytt album, Fallteknikk (20 000 kr), frå Inga Sætre, som har vorte populær med dei grublande og kjærleikshungrige Møkkajentene. Egmont får tilskot til ei rekke norske biseriar i det populære bladet om Lise Myhres svartkledde, lett misantropiske og sjokoladeelskande Nemi (75 600 kr). Og den prislønte serieteiknaren Jason får stønad til eit nytt album kalla Varulvene i Montpellier (70 000 kr).

Dei største tildelingane i denne runden, på 90 000 kroner, går til Karstein Volles album Ti kniver i hjertet og til Christopher Nielsens niande nummer av serieheftet Weltschmerz.

Til saman fekk 18 teikneseriar tilskot under rådsmøtet i desember.

 

Kulturrådet kjøper inn seks album for vaksne i 2009Bildet viser eit av Christopher Nielsens Weltschmerz-album

Teikneseriemiljøet har lenge etterlyst ei eiga innkjøpsordning for norske teikneseriar. Kulturrådet har i mange år kjøpt inn inntil tre album under ordninga for skjønnlitteratur for barn og unge, men under innkjøpsordninga for vaksne var det berre eit unntak at det blei kjøpt inn to titlar i 2008.

Innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne er ein samarbeidsavtale mellom Norsk kulturråd, Den norske forleggerforening, Norsk Forleggersamband og Den norske Forfatterforening, og det har vore fleire forhandlingar for å bli samde om å få utvida ordninga mellombels til òg å gjelde eit avgrensa tal teikneseriealbum. For å få rom til inntil seks album i 2009  vedtok Kulturrådet i desember å løyve ekstra midlar til  slikt innkjøp.

 

Mål å styrkje norske teikneseriar

 

På ordninga for teikneseriestøtte kan utgivarane søkje om støtte til lengre teikneseriar, stripeseriar og til prosjekt som kan bidra til å stimulere, styrkje og utvikle teikneseriefeltet i Noreg og profilere norske teikneseriar i utlandet.

 

Norsk kulturråds vurderingsutval for teikneseriar fordelar stønad etter fagleg-kunstnarleg skjønn, innanfor dei rådande økonomiske rammene som ligg i dei statlege løyvingane til ordninga kvart år. For 2009 vart det avsett 1,865 millionar kroner til teikneseriar.

 

Alle tildelingar i 2009. http://www.kulturrad.no/tildelinger/litteratur_/tegneserier/2009

 

Bilder:

1: Stripeserie av Karstein Volle

2: Christopher Nielsens album Weltschmerz

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 08.01.2010

Legg igjen en kommentar

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer