
Innkjøp av ny norsk sakprosa
VIKTIG INFORMASJON: Vi bed om at søknaden blir sendt enten elektronisk eller med vanlig post, ikkje begge deler.
Mål Ordninga skal sikre utgivingar av ny norsk sakprosa og gi eit tilbod til lånarane i folkebiblioteka.
Ordninga omfattar normalt ikkje: a) hobbybøker, vitsebøker, spørjebøker, håndbøker eller andre formar for bruksprosa Kvar bok blir kjøpt inn i 1000 eksemplar til folkebiblioteka. I dokumentet "Orientering om innkjøpte bøker" er det viktig informasjon om prisfastsetting og forlaget sine pliktar ved innkjøp. Sjå elles retningslinene og søknadsskjema nederst på sida.
Søknadsfristar: 1. mars, 15. mai, 1. september, 15. oktober og 1. desember
Søknadsskjema skal sendast inn så snart råd er, med oppgitt utgivingsdato. Når ferdig bok ligg føre, skal ho sendast til Norsk kulturråd og til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet til den nærmaste søknadsfristen. Eigne reglar gjeld for siste søknadsfrist.
Kor skal søknad og bøker sendast?
Utfylt søknadsskjema kan sendast snarast til post@kulturrad.no. Når boka er ferdig, skal eitt eksemplar sendast til Norsk kulturråd, Litteraturseksjonen, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo innan nærmaste søknadsfrist. Eitt eksemplar av kvar bok skal også sendast til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet:
NB! Bokpakkane må merkast med ”Sakprosa – Norsk kulturråd”
Søknadsskjema sakprosa bokmål.docx
Søknadsskjema sakprosa bokmål.pdfx
Sist oppdatert: 11.06.10
|