Hopp til innhold

Innkjøp av ny norsk faglitteratur for barn og ungdom

 

VIKTIG INFORMASJON:


Frå og med 2011 blir søknadsfristen for innkjøpsordninga for faglitteratur for barn og unge flytta til 1. september I 2009 og 2010 vil Kulturrådet ha ein overgangsperiode, med to fristar per år, fram til permanent flytting av fristen i 2011.

  • I 2010 har ordninga to fristar: 15. mars og 1. september. Den totale løyvinga for 2010 blir delt mellom dei to rundane. I møte 06.05.2010 blei 14 titlar kjøpte inn, og truleg vil 12-13 titlar kunne kjøpast inn etter haustfristen. 

Ordninga skal sikre at det finst gode norske fagbøker for dagens unge lesarar, og om alle slags emne. Det kan søkjast om innkjøp av førsteutgåver av norske fagbøker/faktabøker/sakprosa for barn og ungdom.

Denne innkjøpsordninga er selektiv, det vil seie at det øvre titteltalet – inntil 25 titlar - er bestemt på førehand ut frå årleg justert budsjettramme. Kva bøker som skal kjøpast inn av dei det blir søkt om, er først og fremst basert på kvalitet. Utvalet kan også gjere andre prioriteringar etter eige skjønn, ut frå ei heilheitsvurdering.

Kvar bok blir kjøpt inn i 1550 eksemplar, til folke- og skolebiblioteka.

Forlag/utgivar søkjer på bakgrunn av ferdig bok eller grunnlagsmateriale for prosjekter som er planlagd utgitt i inneverande år. Med grunnlagsmateriale forstår vi manus som er språkvaska og faktagranska, inkludert eit representativt utval av bildemateriale (repro/fargetrykk). Det skal også leggjast fram ein skisse for layout og framdriftsplan for produksjonen. Særskild for fagbokordninga er også at ei bok som ikkje er langt nok kommen til fristen, kan søkjast innkjøpt under ordninga til søknadsfristen neste kalenderår.

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.


Retningslinjene er pr juni 2010 framleis til revisjon, og vil bli lagt ut så snart råd er.

Søknadsskjema kan frå og med 2009 sendast inn elektronisk til post@kulturrad.no. Forlaget sender som vedlegg til e-posten eit følgjebrev der tal titlar inngår, saman med ein oversikt med namn på forfattarane og titlar ført i alfabetisk rekkefølgje. I tillegg skal kvart skjema leggjast ved som ein separat fil i pdf- eller doc-format. Ferdige bøker eller grunnlagsmateriale må framleis sendast per post til Norsk kulturråd.

Søknadsskjema finst både i word- og pdf-format:

Søknadsskjema faglitteratur barn og unge bokmål.doc   
Søknadsskjema faglitteratur barn og unge bokmål.pdf

Søknadsskjema faglitteratur barn og unge nynorsk.doc 
Søknadsskjema faglitteratur barn og unge nynorsk.pdf

 

Sist endra: 10.08.10

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer